Ny Hangursbane – nytt fyrtårnPublisert: 24.10.09 kl. 11.29 Eit forprosjekt for ny gondolbane til Hangur er så vidt kome i gang. Voss Resort AS står bak planane, med Hagen-selskapet Canica som delinvestor. Dette er eit spennande tiltak. Det var framsynte folk som bygde gondolbanen til Hangur for meir enn 45 år sidan. For Vossebygda vart Hangursbanen eit fyrtårn, noko vossingane var stolte av og dei tilreisande tykte var spennande og spektakulært. Etter som åra har gått har Hangursbanen kome stadig meir i bakleksa. Fleire tilhøve spelar inn her. Plassering av nedre stasjon litt for langt unna Vangen, midt i eit bustadfelt og med dårlege parkeringstilhøve er ein ting, dårleg kapasitet på banen ein annan, samstundes som Hangursområdet ikkje er utnytta slik det kunne ha vorte. Dessutan er det framleis eit umiskjenneleg 60-talspreg over Hangursrestauranten. I tillegg har Bavallen etter kvart blitt så oppgradert at dei fleste føretrekkjer den vegen når dei skal til fjells. Skulle forprosjektet som no er i gang konkludera med at det er økonomisk interessant å byggja ny gondolbane til Hangur frå området jernbanestasjonen/ Fengselstomta, vil me få eit landemerke som kan gje nytt løft til reiselivsbygda Voss. Med i forprosjektet er også hotell både ved nedre stasjon og øvre stasjon. Dette er godt i tråd med den reiselivsstrategien som er lagt for kommunen. Det er mange skjær i sjøen før det vert avgjort om planane kan realiserast. Ikkje minst er det viktig at utbyggjarane kjem til semje med grunneigarane langs den nye traseen. Med ny teknologi er det mogeleg å byggja banen i eitt strekk, utan mellommaster som sjenerer. Likevel vil ein del bustader få luftspenn over husa sine. Det kan sjølvsagt vera delte meiningar om kor positivt dette er. NSB, Voss kommune og Voss Sparebank er andre naboar som ein må koma til felles forståing med. Skal Voss vera ei reiselivsbygd å rekna med i framtida må det fornying til. Det framlagde forprosjektet er i så måte eit dristig og positivt bidrag. Ikkje minst vil det vera verdfullt for sommar-Voss at folk kan ta banen frå om lag midt på Vangen til fjells. På Hangur er det nesten uavgrensa høve til å skapa aktivitetar for både små og store. Me ventar spent på framhaldet av prosjektet. Vonleg slepp me å arkivera det som «endå eit luftslott som det ikkje vart noko av». Samarbeid om heiskortPublisert: 17.10.09 kl. 18.25 Det er etablert eit samarbeid om felles skikort for skianlegga i Bavallen, Myrkdalen, Røldal og på Folgefonna. Dei som skaffar seg slikt kort kan dermed gå på ski nesten heile året, sidan Folgefonna er eit sommarskisenter. Dette er sikkert spennande for dei fire aktørane, og for dei ivrigaste alpinistane, men for folk flest vert det eit gjesp. For det første skal det berre seljast 200 kort, og det etter søknad, for det andre er prisen nokså høg. Eit slikt tilbod rettar seg såleis berre mot dei sanne skientusiastane, som ikkje får nok ski og snø i den kalde årstida. For folk flest, anten dei er vossingar eller kjem frå bergenskanten, ville eit samarbeid om felles heiskort mellom Voss Resort og Voss Fjellandsby vera mykje meir interessant. Det ville for det første visa ei skibygd som kan samarbeida, det ville gje brukarane god fleksibilitet og – trur me – føra til auka trafikk, om prisen var rett. Eit slikt samarbeid har vore etterlyst heilt sidan Myrkdalsanlegga kom i drift. Det er kjent at partane har vore i diskusjonar omkring eit felleskort, men så langt har det stranda. Interessa verkar å ha vore større i Myrkdalen enn i Bavallen. At det no vert etablert eit samarbeid over kommunegrensene er greitt nok, men me ser ikkje for oss at dette vil fortelja noko som helst om den vanlege skiløpar sine behov. Det er trass alt eit ørlite mindretal som har trong for å springa etter snøen sommarstid. Samarbeid mellom skianlegg er heilt vanleg i Mellom- Europa, og også fleire av dei største anlegga her til lands samarbeider om felles heiskort. Det er på tide at dei to aktørane i Voss kommune også finn saman, uavhengig av det nye heilårskortet, som er og blir for spesielt interesserte. Voss formannskap skal komande veke til Modalen på budsjettdrøfting. Partia som ikkje er representerte i formannskapet er også inviterte med, likeins organisasjonane. Partiet Raudt har alt takka nei til å vera med på denne utferda, då dei meiner det gjev feil signal overfor folk at «den politiske eliten»(!) brukar pengar på slikt. Men tur vert det, og som vanleg må både ostehøvel, kniv og øks i sving før ein har fått eit budsjett i balanse. I tillegg til å drøfta budsjett – bak lukka dører sjølvsagt, dei er då på seminar – skal det haldast ordinært møte i formannskapet. Det er etter vårt syn svært tvilsamt. Møta i formannskapet er som kjent opne for publikum. På saklista er det fleire plansaker, som kunne vera av interesse for ein del folk. Men kven har tid til å dra til Modalen for å høyra ordskiftet ein torsdag ettermiddag? Dei folkevalde må endeleg gøyma seg når budsjettet skal meislast saman, men ikkje når dei skal ha sine ordinære møte i formannskapet. Endå meir tinghus![]() Publisert: 03.10.09 kl. 11.40 Tinghusprosjektet til Voss kommune ser ut til å balla på seg. Administrasjonen er ikkje lenger nøgd med å få nybygget som er i ferd med å reisa seg i bakgarden på Tinghuset, det såkalla Mellombygget. No vil ein i tillegg ha ei ny høgd på det gamle elverkbygget i Skulegata, eller Tinghus 2 som det vert kalla. Prosjektleiaren har berekna kostnaden til 5–7 millionar kroner. Ein del politikarar gjev uttrykk for at ei slik tredje høgd berre er aktuell om prosjektet er sjølvfinansierande. Det betyr høgst truleg at administrasjonen får viljen sin. Det er ikkje vanskeleg å triksa med tal på ein slik måte at reknestykket kjem ut i null. Me skal ikkje misunna dei kommunetilsette betre arbeidsvilkår i nye bygg. Det er likevel påfallande at det skal brukast endå meir pengar på tinghusutbygging, når me veit at til dømes fleire skular treng opprusting. Dessutan er det nok mange andre prosjekt som skrik etter kommunale midlar. Ei anna sak er den arkitektoniske utforminga av bygget. Som fleire formannskapsmedlemer peika på, kunne den vore betre. Sjølv om kommunen har sleppt gjennom ei lang rekkje rett og slett stygge nærings- og forretningsbygg dei siste åra, bør dei ikkje melda seg på i konkurransen om styggaste bygget på Voss. Sjølv om politikarane til no berre har prata, har dei faktisk makt til å setja foten ned. Om dei berre vågar. Småkraftverk I utgangspunktet er dette positivt. Vasskraft er ein ressurs som vert fornya, det er «rein» energi. Det vil likevel føra gale av stad dersom kvar einaste sideelv i vassdraga våre skal byggjast ut med små kraftstasjonar. Me saknar ein overordna lokal debatt om utbygging av småkraftverk. Kva kan ein gje løyve til, kvar bør ein vera varsam, kor må ein seia beint nei! Me må ikkje koma i ein situasjon der småkraftverk vert eit miljøproblem. Det trengst ein debatt snarast råd. 26. sept.: Rassikring må prioriterast![]() Redaktør Sigmund Midttun Alle som ferdast etter vestlandsvegane veit at faren for ras er overhengande – bokstaveleg tala. Me veit også at det aldri vil vera råd å heilgardera seg mot ras, uansett kor mykje pengar som vert nytta til føremålet. Me har såleis lært oss å leva med denne tilstanden. Likevel meiner me vestlendingane altfor lenge har vore i overkant tolmodige når det gjeld krav om rassikring. Klimaforskarane er ikkje i tvil om at faren for ekstremvêr vil auka framover, difor vil me oppleva stadig fleire ras på vegane våre. At hovudvegane i landet i alle fall må gjerast trygge for ras, må vera eit opplagt krav. E16 gjennom Nærøydalen er truleg mellom dei mest rasutsette stamvegane me har her i landet. I fylgje geolog Harald Hauso er dette også eit parti som det er vanskeleg å gjera heilt rassikkert. Med vallovnader frå samferdslestatsråd Liv Signe Navarsete friskt i minne, må det vera lov å tru på at Statens Vegvesen kjem opp med ei løysing som er til å leva med – både for lokalsamfunnet i Gudvangen og for alle som trafikkerer denne hovudvegen mellom Oslo og Bergen. Ei god og trygg løysing vil verta dyr, men etter vårt syn har ein ikkje noko val. Det er ikkje godt nok at ein stamveg mellom aust og vest er stengd i fleire dagar, og at folk som ferdast her må ha merksemda si oppover mot fjellsida meir enn på vegen. Ei løysing med lang tunnel ville sjølvsagt vore tryggast, men vil ta altfor lang tid å få på plass. Kva konklusjon Vegdirektoratet endar opp med, vert spennande å sjå. Me er i alle fall rimeleg overtydde om at dersom det som hende i Nærøydalen hadde skjedd på Austlandet, ville det vorte ramaskrik. Dei såkalla riksdekkande media ville ha køyrt saka til ministeren hadde måtta lova bot, betring og pengar. For mange her vest er det kvardagen å køyra på rasutsette vegar, og slik har det vore lenge. Men heller ikkje me bør finna oss i at det vert bygt vegar på stader der me kan risikera å bli tekne av ras. Og sjølv om arbeidet med rassikring har vore i gang kontinuerleg, har satsinga knapt nok vore halvhjarta. Det trengst opplagt eit større trykk på dette no. Både i Hardanger og Sogn er det vegparti som skrik etter rassikring. Vonleg har Liv Signe Navarsete fått gjennomslag for større innsats på dette feltet i statsbudsjettet som kjem i oktober. 19.sept.: Tungt ansvar på Hilde![]() Av dei 14 kjem storparten frå Bergen og nabokommunane. Dermed vil representanten Lydvo få eit ekstra ansvar lagt på skuldrene sine. Sjølv om det stadig vert fleire innbyggjarar i kyst-Hordaland på kostnad av dei indre bygdene, bur det framleis folk her. Om det skal gjera det også i framtida er mellom anna avhengig av den politikken det nye stortinget skal føra. Utan at me skal overdriva tydinga ein stortingsrepresentant kan ha på utfallet av ulike saker, er det ikkje tvil om at distriktet treng talspersonar som arbeider for «våre» saker. Etter feite lovnader og fagre ord i valkampen, er det politikken som no skal meislast ut som vil avgjera korleis kvardagen vår skal bli framover. Mellom anna trengst det ny næringsutvikling i eit distrikt der fråflytting og nedlegging av arbeidsplassar har vore melodien dei siste åra. Etter at svært mange statlege arbeidsplassar har forsvunne sakte, men sikkert, bør vosseområdet no stå for tur til å få nye, dersom Arbeidarpartiet vågar å sleppa slike arbeidsplassar ut frå Oslo-gryta. Framlegget frå ordførar Lunde Aarvik om å leggja delar av Jernbaneverket og Vegdirektoratet til Voss, er eit godt initiativ i så måte. Det trengst også vidare satsing på samferdsle, først og fremst jernbane både vestover og austover. Draumen om høgfartsbane vert nok ein draum, i alle fall dei næraste 15–20 åra. Då er det meir fornuft i å utbetra skikkeleg dei jernbanestrekkjene me har, og gjera det no! Før valet var mange høgt på banen med lovnader om jernbanesatsing. Det bør dei minnast om når den politiske kvardagen tek til. For Voss vil det også vera viktig at stamvegen frå Lundarosen til Oppheim vert teken straks etter at Vossepakka er fullført. Endeleg val![]() Publisert: 12.09.09 kl. 10.44 For dei fleste av oss veljarane er det godt å vita at den lange og hektiske valkampen er over. Om ei lita veke er livet attende til det normale. Borte er politikarane som skal løysa alle små og store problem for oss, og borte er dei resirkulerte vallovnadene dei kom med for fire år sidan, men ikkje har makta å gjennomføra. Me vil tru at også politikarane kjenner ein lette over å vera ferdige. Etter å ha gjort seg lekre for veljarane i vekevis kan dei venda attende til kvardagen, med dei utfordringar som ventar dei som får tillit hjå folket måndag. Etter ein valkamp kan ein lett bli sitjande med to inntrykk: Det eine er at landet vårt anten er vanstyrt eller velstyrt, det andre er at dei som meiner det er vanstyrt ser seg skikka til å redda land og folk, medan dei som meiner det er velstyrt fryktar at motparten skal riva ned alt som er bygt opp. I den politiske kvardagen er skilnaden langt mindre enn ein kan få inntrykk av i valkampens hete. Ser me stort på det, er det eigentleg lite å krangla om. Me lever i eit trygt og godt land der det meste fungerer. Det er sjølvsagt mykje å retta på, men i høve til dei fleste land i verda, har me lite å klaga over. Men det at me har det så bra, og at me også har fått tredd nedover hovuda på oss at rikdomen fløymer, gjer oss endå meir kravstore. Og uansett kva utfallet av valet vert måndag, veit me stort sett kva me får. Skilnadene er små i norsk politikk. Sjølvsagt er det ulike oppfatningar når det gjeld privatisering, skattlegging, miljø- og klima etc, men i det store og heile er semja stor. Det usikre momentet er Framstegspartiet, som i sitt opposisjonstilvære nærast har lova alt til alle. Men skulle valutfallet føra Frp inn i regjeringskontora – noko ingenting tyder på to dagar før valdagen – vil nok den politiske røyndomen melda seg for dei, som han gjorde for SV for fire år sidan. Det blir ingen revolusjon i landet, uansett valutfall. For bygdene i indre Hordaland vil det etter alt å døma verta status quo. Hilde Magnusson Lydvo er med sin tredjeplass på Ap-lista sikra attval. Venstrehovding Lars Sponheim vert etter alt å døma også attvald, sjølv om nokre meiningsmålingar har plassert han på sidelina. Med både Hardangerbrua og Vossapakka på plass i førre periode, er opprusting av Vossebana og Bergensbana mellom dei viktigaste lokale sakene i komande 4-årsperiode. Lovnadene sat laust i valkampen, spørsmålet er kva som skjer når politikarane skal levera varene. Næringsutvikling i våre fråflyttingstruga kommunar vert også svært viktig, ikkje minst på Dale, som har nokre turbulente år bak seg. Politikarane har gjort sitt, måndag må me som veljarar gjera vårt, anten me vil ha endring eller meir av det me har fått dei siste fire åra. Godt val! Fotballfest og kaos![]() Publisert: 14.06.09 kl. 10.16 Denne helga er det igjen duka for fullt kaos på Vangen. Voss Cup kom i gang i går, som vanleg innleia med bilkøar og trafikkaos, og det blir ikkje betre i dag. Det er som det skal vera denne helga midt i juni. Voss Cup set på ny rekord. Fotballturneringa samlar 650 lag og vel 7000 born som skal spela 1300 kampar på tre dagar. Deltakarane er opp til 12 år og dette er kanskje viktigaste fotballhendinga for desse i år. Dei får spela på gras og dei år møta jamaldringar både på og utanfor banen. Tilskiparane legg også vekt på at det ikkje skal kårast vinnarar, sjølv om alle laga sjølvsagt prøver å slå motstandarane sine. Med eit ekstra fokus på fair play er det også håp om at dei mest overivrige lagleiarane og foreldra kan roast ned. Men cupen er ikkje minst viktig for Fbk Voss. Det er denne tilskipinga som gjer at klubben kan halda sitt høge aktivitetsnivå.På tre dagar skal dei få inn storparten av inntektene dei skal leva av resten av året. Det er ein røynd arrangørstab som trekkjer i trådane. Det kjem vel med, for det er mykje som skal klaffa, ikkje berre på fotballbanane, men også ikring. Folk skal både eta og sova og dei skal ha sosiale tilbod. Ingenting av dette kjem av seg sjølv. Dermed er det duka for ein kjempedugnad på Voss denne helga, der rundt 800 personar er involverte. Berre å handtera dette, krev ein veltrimma organisasjon. Også for handelsstanden på Voss er denne tilskipinga viktig. I tillegg til 7000 unge fotballspelarar kjem det minst like mange leiarar og foreldre. At butikkane på Vangen endeleg har skjøna at det må ytast service når så mange vitjar bygda, er bra. Det er ikkje så mange år sidan butikkeigarane låste og gjekk heim kl 15 laurdagen, medan kjøpelystne små og store sto att med pengar som brann i bukselomma. Me ynskjer Voss Cup og alle deltakande lag lukke til med turneringa. Lyntog Lyntog, eller høgfartsbanar, er fine greier, både for dei reisande og for miljøet. På Stortinget kappast partia om å vera for desse prosjekta. Men kvifor skal me tru på politikarane når dei no står fram som lyntogforkjemparar, når dei i over 30 år totalt har neglisjert jernbanen? Me har ein del jernbanestrekningar i Noreg. Alle desse treng opprusting straks. Det vil kosta ca 10 prosent av prislappen på dei vidløftige lyntogprosjekta å ordna opp med dagens jernbane. For knappe 20 milliardar kan me køyra Bergen–Oslo på 4 timar. Det er fort nok. Det er greitt å ha vyar og visjonar, men for folk som lever her og no er det lita trøyst i at det kanskje skal bli så mykje betre om 15-20 år. Sats pengane på å ordna opp no, så kan planlegginga av høgfartstog gå parallelt. Kommunal omorganisering![]() Publisert: 06.06.09 kl. 10.32 Voss kommune skal omorganisera – igjen. Det er ikkje lengst imellom. Alle verksemder har godt av å sjå på organisasjonen sin med jamne mellomrom. For ein kommune er målet sjølvsagt å verta meir effektiv og levera betre tenester. Voss kommune har ikkje kome så gale ut i dei brukarundersøkingane som er gjennomførde. Dei plasserer seg gjennomgåande «midt på treet». Likevel kjem det stadige ymt frå misnøgde ibuarar, som til dømes ikkje får svar på brev, søknader o.l. som dei sender kommunen. Det ligg også i korta at kommunen aldri kan gjera alle til lags. Det den eine er nøgd med, kan den andre vera særs misnøgd med. Men at ein stadig kan gjera det betre, gjeld for kommunen som for andre verksemder. Den nye modellen som det er framlegg om, vart lagt fram for formannskapet torsdag. Men fleirtalet av dei folkevalde ynskjer ikkje å gå inn i saka. Dei meiner dette ligg innanfor det rådmannen kan avgjera, gjennom delegasjonsreglementet som kommunestyret har vedteke. For oss verkar det litt merkeleg at formannskapet ikkje ynskjer ei hand på rattet i ein slik prosess. Rett nok vil dei få saka attende når organisasjonsmodellen skal setjast ut i livet, med ei rekkje nye stillingar, men det kan ikkje vera å trakka i rådmannen sitt bed å ta ei drøfting av dei mest kostnadsdrivande framlegga på førehand. Mellom det nye som skal skje er at Voss endeleg skal få kultursjef, over 30 år etter at denne tanken først var framme. Her skal både kulturhus, kino, bibliotek, idrett og ungdom leggjast inn. Er dette ei rein omorganiseringssak? Likeins skal rådmannen no få stabssjef, slik statsministeren har. På organisasjonskartet som er teikna får ein eit klart inntrykk av at denne personen skal vera litt likare enn dei vanlege kommunalsjefane. Kommunen skal dessutan omgje seg med ein organisasjons- og verksemdsrådgjevar og ein informasjonsrådgjevar, dersom det finst budsjettmessig dekning for dette. Planen er sikkert gjennomarbeidd og gjennomtenkt, men i tillegg til å undra oss over at dei folkevalde nøyer seg med å verta informerte om det som skal skje, er det to ting me fryktar. For det første eit auka byråkrati, for det andre meir makt til rådmannen. Tendensen har lenge vore slik at dei folket har valt til sine ombodsmenn får større og større problem med å hanga med i svingane etter kvart som saksmengd og vanskegrad i sakene aukar. Det er ikkje berre Voss kommune som er i ferd med å verta styrt av byråkratar. Difor burde dei folkevalde i det minste vera med å drøfta premissane for ei såpass omfattande omorganisering. Lensmann i dobbeltrollePublisert: 30.05.09 kl. 13.11 Voss lensmannsdistrikt får ny sjef med det første. Ivar Sindre Hellene overtek etter Kåre Rykke, som er inne i sine siste dagar på jobb. Hellene har dei siste åra markert seg som leiar i Politiets Fellesforbund Hordaland. No byter han på eit vis side. Dersom det skulle verta streik over helga, skal han også vera streikeleiar før han vert lensmann. Men Hellene har dessutan markert seg i eigedomsbransjen på Voss. Mellom anna er han medeigar og styremedlem i Haugamoen Utvikling AS. Likeins er han medeigar og styremedlem i Gamlameieriet AS og i Haugamoen Bygg AS. Det er sjølvsagt ikkje ulovleg å vera med i slik forretningsdrift, heller ikkje for ein lensmann. Men nyelensmannen må vera klar over at han vert fylgd med skarpt blikk når han har såpass ulike rollar. I gamle dagar kunne lensmannen ha fleire rollar som kanskje ikkje var så foreinlege med det å skulla handheva lov og rett på uhilda vis. Til dømes var lensmannen representant for Norges Brannkasse, og altså seljar av forsikringar. I dag er det mykje høgare medvit om habilitet og upartisk framferd. Krava som vert stilte til personar i framtredande stillingar er kraftig skjerpa. Når den nye lensmannen har sterke eigarinteresser i forretningsdrift rundt i bygda, må han rekna med å møta seg sjølv i døra. Då er det viktig at det ikkje kan reisast den minste tvil om kor lojaliteten hans ligg. Det er fort gjort å koma i situasjonar der det vert stilt spørsmål ved habiliteten til lova sin handhevar, og det er ikkje eigna til å skapa tillit. Den nye sjefen på lensmannskontoret ville utan tvil gjort det mykje lettare for seg sjølv om han trekte seg ut frå engasjementa sine medan han sat i stillinga. Bragd eller dumskap? Heile Noreg fylgde dramaet med Jarle Trå på Mount Everest frå førre helg og utover veka. Og alle pusta letta ut då det viste seg at han kom til rettes i live, og at det ser ut til å gå bra med han. Diskusjonen om kor vidt det Jarle Trå har utført er ei bragd eller eit utslag av dumskap starta då det viste seg at han overlevde. Jarle Trå har utført mange store klatrebragder, og som første nordmann på verdas høgaste fjell utan bruk av oksygen og utan sherpaer, har han på ny utført ein spektakulær prestasjon. Men denne gongen heldt det på å gå skikkeleg ille. Skilnaden mellom suksess og tragedie er hårfin. Me vanleg dødelege har problem med å skjøna kvifor somme utset seg for slikt. Men Jarle Trå er ein seriøs type som veit kva han gjer. Han er dessutan klar på at han ikkje reknar med at det skal stå redningsapparat klart om noko går gale. Mest av alt er me glade for at det gjekk bra med Jarle Trå på denne farlege ekspedisjonen. Veg over dyrka markPublisert: 23.05.09 kl. 10.05 Om ei god veke skal Vossapakko drøftast i Stortinget. Det er ingen grunn til å venta anna enn at eit samla storting strør sand på framlegget om å byggja Vangstunnelen, og parsellane Granvin– Skjervet og Mønshaugen–Palmafossen. Alle desse prosjekta er etterlengta og vil gje folk og distrikt ein ny kvardag – sjølv om me må betala bompengar for å få dette til. Men vegen skal ogsa vidare, og planlegginga er i gang pa strekkja fra Lundarosen til Oppheim. Det er mange interesser a ta omsyn til nar ein skal byggja veg; det gjeld eksisterande busetnad og jordbruksinteresser, natur- og miljointeresser, stoy og ureining osv. I tillegg skal vegen vera funksjonell for trafikantane. Utfordringane star i ko for vegbyggjarane. Me skjonar bondene pa Nordrekval og Saue som kjempar for a unnga at gardane deira skal verta avskorne av vegen, og dermed vert mindre verdt som jordbruksareal. Det har teke til a ga opp for folk at matjord er ein ressurs som ein ikkje skal oyda utan sarleg gode grunnar. Sjolvsagt ville ein tunnel ha redda jorda for bondene, pa den andre sida vil han pafora andre problem, sarleg i eit evt tunnelinnslag mot vest. Men forst og fremst er det eit kostnadssporsmal. Kor mykje vil storsamfunnet spandera for a unnga a ta delar av desse gardane? Dette vert ei avveging . og me er diverre ikkje i tvil om kva resultatet vert. Loysinga ma difor vera a finna fram til ein trase som gjer minst mogeleg skade, men som likevel er tenleg. Vossingane har roynsler med korleis det gar om ein kjempar imot vegstyresmaktene. Mellom anna vart Vangstunnelen 20 ar forseinka fordi ein tok kampen opp mot den da sa mektige vegsjef Josef Martinsen. No har ein tid til a ga i dialog med vegstyresmaktene, og det bor ein gjera. Ingen tener pa at frontane er steile og uforsonlege. Me vonar at grunneigarane, kommunen og vegstyresmaktene saman kan koma fram til den minst skadelege traseen. Sjolv om det kan synast langt fram for ein kan ta til a byggja nye E-16 fra Lundarosen, ma me ikkje koma i den situasjonen at heile vegprosjektet vert utsett pa grunn av usemje. "Hordaland" meiner
Følges av ett medlem.
Her kan du lese leiarkommentarane til redaktøren. Berre tilsette i “Hordaland” kan laga nye innlegg på denne sida, men alle Origo-medlemer er hjarteleg velkomne til å kommentere innlegga. Mer om sonen Denne sonen er lukket for nye medlemmer. "Hordaland" meiner er en sone på Origo. Les mer Annonse | ||